Medlemskontingent
Medlemskontingenten for 2026 er:
- Enkeltmedlemskap: 250 kr per år
- Familiemedlemskap: 500 kr per år
Medlemskontingenten vert fakturert i januar kvart år.
Familiemedlemskap er ei rabattordning der alle familiemedlemmene vert registrerte som individuelle medlemmer. Hugs difor å registrera alle som skal vera med.
Kontingenten gjeld for kalenderåret og vert vedteken av årsmøtet.
Slik melder du deg inn
- Gå til innmeldingssida vår i Min idrett.
- Logg inn eller opprett ein brukar.
- Vel medlemskap og registrer deg sjølv eller familiemedlemmene dine.
- Fullfør innmeldinga og betal kontingenten når du får betalingskrav.
Medlemskapet er gyldig når kontingenten er betalt.
Treningsavgifter
Enkelte aktivitetar har ei eiga treningsavgift i tillegg til medlemskontingenten. Desse avgiftene vert fastsette av dei ulike gruppene og går til å dekkja kostnader ved aktiviteten.
Du finn informasjon om treningsavgifter på sidene til dei ulike idrettane.
Har du utfordringar med å betala kontingent eller treningsavgift, ta kontakt med oss. Me ynskjer at økonomi ikkje skal hindra nokon i å delta.
Endring eller utmelding
Du kan oppdatera kontaktopplysningar og administrera medlemskap for deg sjølv og familien din i Min idrett.
Ynskjer du å melda deg ut, går du til «Min side» og «Medlemskap». Vel Eldar IL og deretter «Gå til utmelding», dersom dette valet er tilgjengeleg.
Du kan også kontakta oss dersom du treng hjelp med utmelding, endring av familiemedlemskap eller betaling.
Kontakt
Har du spørsmål om medlemskap?
E-post: [email protected]
Telefon: 918 76 590