Fotballklede
Treningar: Alle fotballspelarar må ha på seg eigna sko (fotballsko) og
leggbeskyttarar.
Kamp: Alle skal vere iførte gul fotballtrøye (som me deler ut ved sesongstart) eller
keeperdrakt, eigen svart shorts, svarte fotballsokkar, leggbeskyttarar og eigne
fotballsko. Du får ikkje spele kamp utan leggbeskyttarar.
Langt hår skal vere i strikk. Ta alltid av klokker, smykker o.l. før trening og kamp.
Klubbklede: Me har utstyrsavtale med Macron og klubbklede får du kjøpt gjennom nettbutikken vår der: https://eldar.macron.no/klubbshop
Utover dette får me 20% avslag ved kjøp av fotballutstyr på Endeve Sport, og 15%
avslag hjå Sport 1-butikken i Myrkdalen.
Anna utstyr: Dei som er faste keeperar kan innom Endeve Sport og kjøpe eigne
keeperhanskar og skrive det på Eldar. Elles kjøper lagleiaren inn dette til laget sitt.