[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Instruks for rekneskapsføring i Eldar:

For kasserar i hovudstyret:

Innkomande rekningar:

Mottek alle rekningar og sender dei til styreleiar for attestering. Kasserar belastar undergruppa

sin konto med det same rekninga er motteke.

Utgåande:

Sender ut alle rekningar, med unntak av massefakturering.

Kasserar overfører pengane til undergruppa sin konto med ein gong rekninga blir sendt ut.

Duett:

Styreleiar og kasserar i hovudstyret har tilgang. Kasserar sender rekningane til attestering og

styreleiar attesterer.

Billagsføring

Alle billag vert no lagt inn i duett, men kasserar skriv også ut billag og legg det i perm som

ein ekstra tryggleik.

Rekneskapsføring i undergruppene:

Alle innkjøp skal gå via økonomiansvarleg i undergruppa, som vidaresender alt til

kasserar i hovudstyret ([email protected])

Ved innkjøp i skal fylgjande info registrerast:

Eldar IL

Holbygdvegen 361

5713 Vossestrand

[email protected]

Organisasjonsnummer: 976 904 370

Styreleiar: Isak Hommedal

Tlf: 91876590

Innkjøp i butikk

Opplys om at me ynskjer å få det tilsendt som EHF-faktura om mogleg, viss ikkje dei kan det,

ber ein om å få sendt fakturaen på mail-adressa ovanfor.

Når ein har gjort innkjøp i butikk, er det viktig at ein sender ein mail [email protected] der ein

skriv kva som er kjøpt inn og kva undergruppe som har handla.

På Joker Vossestrand og Seimen er alle undergruppene lagt inn med kontoar, så der er det

tilstrekkeleg å gje beskjed kva gruppe det skal førast på.

Private utlegg:

Me ynskjer helst å få det tilsendt på faktura, men stundom kan det vera at ein lyt gjera private

utlegg. Då sender ein kvitteringa til [email protected], skriv kva undergruppe som skal

belastast og bankkontonummeret pengane skal overførast til.

Netthandel

Om mogleg be om faktura på mail og send denne til [email protected] Eventuelt be om EHF-

faktura. Før gjerne opp di eige adresse som mottakaradresse. Om du må legge ut sjølv, sjå

punktet om private utlegg.

Fakturering til medlemmar

Massefakturering står undergruppene for sjølv, då nyttar ein faktureringsverktøyet i

klubbadmin. Dette er rekningar som skal sendast ut til våre eigne medlem, til dømes

treningsavgift, turneringsavgift og liknande. Ta kontakt med hovudstyret om det trengst

opplæring. Når faktura er sendt ut, så gjev økonomisansvarleg undergruppa beskjed om

totalsummen for fakturaen, slik at kasserar i hovudstyret kan overføre dette til undergruppa

med det same.

Etter styrevedtak

Om hovudstyret eller styret i ei undergruppe har fatta vedtak om tildeling av stipend,

reisestøtte og liknande, så vert møteprotokollen billaget for utbetalinga og må sendast til

[email protected] . Send også over kontonummer og namn, så betalar kasserar i hovudstyret

denne utbetalinga.

Innsyn og kontroll

Alle kasserar og leiarar får innsyn i undergruppa sine bankkontoar. Alle i hovudstyret og

kontrollutval har fullt innsyn til alle kontoar og kan sjå alle transaksjonar. For å sjekke kor

mykje pengar ein har på konto, loggar ein seg inn på nettbank bedrift (Ikkje privat!) hjå

www.vossabanken.no. Be styreleiar om tilgang viss du ikkje har får opp kontoane du skal ha

innsyn til her. Merk at det er berre kasserar og styreleiar i hovudstyret som kan gjere direkte

overføringar herifrå.

Budsjett

Med Duett får me nøyaktige tal for kvar undergruppe og det vil difor bli vesentleg enklare å

lage til budsjett for kvar undergruppe. Undergruppene får oversendt resultat frå føregåande år

så snart dette er klart og kan nytte dette til å setje opp eit budsjett for komande år.

Detaljert informasjon om transaksjonar og rapportar

Om du ynskjer å få tatt ut mellombelse rapportar for å sjekke korleis ein ligg ann i forhold til

budsjett, ta kontakt med kasserar eller leiar i hovudstyret for å hente ut dette. Det same gjeld

om du ynskjer å få detaljert informasjon om ein transaksjon utover det du finn i nettbanken.

Alle billag vert lagra i duett.

Vipps

Minimum ein frå kvar undergruppe skal ha tilgang til vipps. For innbetalingar i Vipps, så er

det oppretta ein for kvar undergruppe. Innbetalingar her går direkte til undergruppa sin konto.

Om ein har inntekter utover kiosksal, bør ein lage til ulike kategoriar slik at inntektene blir

ført på riktig post i rekneskapen. Treningsavgift og medlemskontingent skal ikkje betalast inn

på vipps, då må klubbadmin nyttast.

Påmeldingar til cupar og turneringar osv.

Økonomiansvarleg i undergruppa sender over fakturaer til kasserar i hovudstyret, evnt EHF

faktura der det er råd å nytte. Skal medlemmane betale turneringsavgifta sjølve, så fakturerer

økonomiansvarleg i undergruppa dette i klubbadmin (sjå eige punkt).

Dommarrekningar

Økonomiansvarleg sender over rekningane for dette til kasserar i hovudstyret. Send det til [email protected]

Betalingar til utlandet:

Ved større innkjøp, må du ta kontakt med styreleiar. Ved mindre innkjøp føl du retningslinene

for private utlegg.