[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Eldar
Custom image

Frå 1894 til i dag

Den første spiren til organisert idrett på Vossestrand kom alt i 1894, då Vossestrand Skilag vart stifta. Seinare vart det etablert fleire lag i bygda, mellom anna Hauge og Stalheim Idrettslag og Oppheim Turn- og Idrettslag i 1934. Ski var naturleg nok hovudaktiviteten, men det vart òg drive med turn, handball og fotball.

I 1949 vart laga samla til eitt felles idrettslag. Etter ein namnekonkurranse fekk det nye laget namnet IL Eldar. I 2013 vart namnet endra til Eldar IL, som er namnet klubben brukar i dag.

Gjennom historia har ulike idrettar og aktivitetar sett sitt preg på laget. Nokre har vore med nesten frå starten, medan andre har kome til etter kvart.

Ski gjennon generasjonar

På Vossestrand har ski vore ein naturleg del av idrettslivet heilt sidan starten. Dei stabile snøforholda har gitt gode føresetnader for aktivitet innan vintersport. Gjennom åra har laget hatt aktivitet innan langrenn, skiskyting, hopp, kombinert og alpint.

Rekrutteringa blant dei yngste har vore god, og mange har fått sitt første møte med skisporten gjennom Eldar. Fleire utøvarar frå laget har òg hevda seg nasjonalt og internasjonalt, særleg innan skiskyting og hopp.

Custom image

Bilete frå junior-VM i skiskyting på Voss i 1989. Eldar var medarrangør.

Skiskyting

Skiskyting har lange tradisjonar på Vossestrand. Gjennom mange år har frivillige lagt ned eit stort arbeid med å byggja opp aktivitet, løyper og anlegg, særleg i Årmotslia. NM i skiskyting i 1984 og junior-VM på Voss i 1989 er blant dei største arrangementa i denne historia. Begge kravde stor dugnadsinnsats og mykje lokal organisering.

Skiskyting har samstundes vore ein viktig breiddeaktivitet, med treningar, renn og utøvarar som har representert klubben i mange samanhengar. Den fremste internasjonale utøvaren er Jori Mørkve, som tok to bronsemedaljar under VM i Anterselva i 2007 - i miksstafett og kvinnestafett.

Custom image

Magne Sørestrand i svevet. 

Hopp og kombinert

Hopp og kombinert var blant dei tidlege aktivitetane i laget. På Framnes, i Nyestølsbakken og i ei rekkje andre hoppbakkar rundt om på Vossestrand har generasjonar av unge utøvarar fått prøva seg. Framnes vart etter kvart det viktigaste anlegget, med bakkar frå dei minste storleikane og opp til K55, og har vore ein sentral arena for skileik, trening og renn.

Magne Sørestrand har vore ein sentral person i hopp- og kombinertmiljøet gjennom mange tiår, både som utøvar, trenar, organisator og eldsjel.

Det største internasjonale namnet frå hoppmiljøet er Lars Bystøl, som representerte Eldar og tok OL-gull i normalbakken i Torino i 2006. Hopp og kombinert har sett tydelege spor i historia til laget, både gjennom aktiviteten i bakkane på Vossestrand og utøvarane som har vakse fram der.

Custom image

Herrelaget på 70-talet. Fotballen voks fram som ein viktig del av aktiviteten i laget. 

Fotball

I 1972 vart fotball teken opp som idrett i laget og fekk raskt ein viktig plass. Herrelaget veksla i periodar mellom 6. og 7. divisjon. I 1975 hadde laget høve til å rykka opp til 5. divisjon, men klarte ikkje å vinna den siste og avgjerande kampen.

Aktiviteten har først og fremst vore retta mot born og unge, men i periodar har klubben hatt seniorlag både på dame- og herresida. Etter 1998 stod laget utan seniorlag i 26 år, før herrelaget gjorde comeback i 2024.

I dag har me fleire lag i barnefotballen og aktivitet òg i ungdomsfotballen. Seniorkampane på Seimen-bana har igjen vorte ein samlingsplass og skapar engasjement på tvers av generasjonar.

Custom image

Heine Blikberg Gjerald i aksjon mot FBK Voss på Seimen-bana i 2024. 

Custom image

NM i snørugby i Myrkdalen i 2024. Roald Nåsen Neteland skårar ein try mot Haugesund Sea Eagles.  

Eit idrettslag i utvikling

Sjølv om ski og fotball har hatt ein sentral plass i historia, har laget gjennom åra romma mange ulike aktivitetar. Nokre har vore med lenge, medan andre har kome til i takt med nye interesser og initiativ.

I dag er Eldar framleis eit breitt fleiridrettslag, og aktivitetstilbodet held fram med å utvikla seg.

Custom image

Dugnadsgjengen i kafésalet under Fotballens dag i 2025. 

Bygd på dugnad

Gode anlegg har vore avgjerande for idretten på Vossestrand. Gjennom fleire generasjonar har frivillige lagt ned eit stort arbeid med å byggja, utvikla og halda ved like anlegga våre.

Dugnadsinnsatsen har vore ein raud tråd gjennom historia. Foreldre, trenarar, eldsjeler og andre støttespelarar har lagt grunnlaget for aktivitet og fellesskap for generasjonar av strendingar.

Sjølv om både aktivitetane og anlegga har endra seg gjennom åra, har dugnadsånda og fellesskapen vore med heile vegen.