Sjekkliste for nye trenarar, lagleiarar og dommarar i Eldar IL
Følg stega under i rekkefølgje. Alt skal vere på plass før du startar i rolla.
Steg 1: Bli medlem
Registrer deg som medlem i Eldar IL her: https://www.minidrett.no/medlemskap/25331
Steg 2: Søk rolle i MinIdrett
Gå til MinIdrett
Logg inn med BankID eller brukarkonto
Klikk på "Min side"
Vel "Min profil"
Gå til fana "Roller og verv"
Klikk "Søk nytt verv"
Søk opp Eldar IL
Vel rolle (du får desse vala):
Barnetrener, Ungdomstrener, Seniortrener
Dommer, Frivillig
Frivillig med ansvar for mindreårige og/eller menneske med utviklingshemming (lagleiar vel denne)
Vel den rolla som passar di oppgåve
Vel riktig idrettsgrein (t.d. fotball, skiskyting osv)
Send søknad
Vent på godkjenning frå klubben
Du er ikkje formelt registrert før rolla er godkjent
Steg 3: Politiattest
Les informasjon og søk her: https://www.eldar.no/politiattest .
Steg 4: Trenar og dommarattest
Ta trenarattesten her: https://www.idrettsforbundet.no/digital/trenerattest/
Fullfør minimum den aldergruppa du skal trene (men gjerne alle tre!)
Dommarattesten tek du her: https://www.idrettsforbundet.no/tema/dommer/artikler/om-dommerattesten/
Steg 5: Sett deg inn i regelverk
Start med desse:
Les barneidrettsbestemmelsane her: https://www.idrettsforbundet.no/tema/barneidrett/bestemmelser-om-barneidrett/
Les retningslinjer for ungdomsidrett her: https://www.idrettsforbundet.no/tema/ungdomsidrett/retningslinjer-for-ungdomsidrett/
Klar til oppstart
Du kan starte når dette er gjort:
Medlem registrert
Rolle godkjent i MinIdrett
Politiattest vist og godkjent
Trenarattest/dommarattest gjennomført
NB! Sjekklista over er det som må vera på plass for alle trenarar, lagleiarar og dommarar i idrettslaget, men det kan også vera greinspesifikke kurs/attestar som må gjennomførast.