[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball

Fotballreglar:

Eldar rettar seg etter NFF sine spelereglar og retninglinjer for barne- og

ungdomsfotball. Les gjerne på NFF sine nettsider.

Barnefotball 6-12 år - https://www.fotball.no/lov-og

reglement/spilleregler/spilleregler-og-retningslinjer-barnefotball-6-12ar/

Barne- og ungdomsfotball - https://www.fotball.no/barn-og-ungdom/retningslinjer

for-barne--og-ungdomsfotball/

Reglar for barnefotballen:

Etter ynskje frå fleire trenarar er det blitt laga nokre felles reglar som skal gjelde for

alle fotballaga i barnefotballen. Det er viktig at du som foreldre også er orientert om

desse regalane og hjelper ditt barn til å følgje dei.

• Møt presis.

• Svar på arrangement/førespurnad i Spond.

• Gje beskjed til trenar/lagleiar om du ikkje kjem.

• Høyr på trenaren og ha fokus på fotball så lenge det er trening.

• Gjer så godt du kan.

• Vis respekt for alle.

• Vær snill og gje ros til andre.

Ved regelbrot tek trenar eller lagleiar kontakte med sportsleg leiar som då bidreg

med foreldresamtale, møte eller spelarmøte evt andre løysningar. Foreldra lytt då

delta på treningar og kampar for å følgje med på at deira barn held reglane, om det

har vert utfordringar rundt det.

HUGS! Det er viktig at me lærer borna å vinne og tape med hovudet heva. Gode

fotballprestasjonar kan ein ikkje måla i antall mål. Viktig å framsnakka både trenar,

lagleiar, motstandar, dommar osv.

Ungdomslaga lagar eigne lagreglar, Sportsleg leiar kan vere behjelpeleg med å

arrangera eit møte med dette som tema.