Nyttig informasjon
Her finn du praktisk informasjon for spelarar og foreldre i fotballgruppa i Eldar IL. Sida inneheld mellom anna informasjon om utstyr, treningsavgift, cupar, dugnader, Fair play og støtteordningar.
Målet er at spelarar og foreldre enkelt skal finne den informasjonen dei treng gjennom fotballsesongen.
Medlemskap og treningsavgift
Alle spelarar må vere medlem i Eldar IL. Forsikringa gjeld berre for registrerte medlemmar.
Du kan melde deg inn her: https://medlemskap.nif.no/Start/Index/25331
Det er ønskjeleg at alle registrerer seg i Min idrett.
Det er hovudstyret som administrerar medlemsskap, ta kontakt med leiar om du har spørsmål.
Treningsavgift (2025)
Treningsavgifta kjem i tillegg til medlemskontingenten og vert fastsett av fotballstyret.
- Barnefotball (til og med 12 år): 600 kr
- Ungdomsfotball (frå og med 13 år): 900 kr
På nokre lag har me ungdomstrenarar. På desse laga vert kvar spelar belasta med 750 kr i trenarhonorar.
Treningsavgifta blir brukt til å dekke kostnader som påmelding til seriespel, forsikring og drift av anlegget.
Fritidsfondet
Fritidsfondet er ei ordning som gir økonomisk støtte til fritidsaktivitetar for barn og unge (6–18 år) i familiar med økonomiske utfordringar i Voss herad.
Målet er å bidra til at fleire barn og unge kan delta i organiserte fritidsaktivitetar.
Les meir og søk her: https://voss.herad.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/stotteordningar-barn-og-unge/fritidsfondet/
Dersom du har spørsmål eller treng hjelp til å søkje kan du kontakte:
Sportsleg leiar: Marte Løne Hustavenes Tlf: 915 88 174
Du kan også ta kontakt med lagleiar på laget ditt.
Personlege opplysningar om økonomi og andre forhold blir behandla konfidensielt.
Fotballklede og utstyr
Trening
Alle spelarar må møte til trening med:
- fotballsko
- leggbeskyttarar
Dette er viktig både for tryggleik og for å kunne gjennomføre treningane på ein god måte.
Kamp
Til kamp skal alle spelarar ha:
- gul fotballtrøye (blir delt ut ved sesongstart) eller keeperdrakt
- svart shorts
- svarte fotballsokkar
- leggbeskyttarar
- fotballsko
Spelarar får ikkje delta i kamp utan leggbeskyttarar.
Langt hår skal vere samla i strikk. Klokker, smykke og liknande må takast av før trening og kamp.
Klubbklede
Eldar IL har utstyrsavtale med Macron. Klubbklede kan kjøpast i nettbutikken:
https://eldar.macron.no/klubbshop
Rabatt på utstyr
Medlemmar i Eldar IL får rabatt på fotballutstyr hos:
- Endeve Sport – 20 % rabatt
- Sport 1 Myrkdalen – 15 % rabatt
Keeperutstyr
Spelarar som er faste keeperar kan kjøpe eigne keeperhanskar hos Endeve Sport og skrive det på Eldar.
Anna keeperutstyr blir kjøpt inn av lagleiaren for laget.
Turneringar
Eldar IL betaler lagspåmeldinga til alle turneringar. Spelarane må sjølve betale deltakarkort.
Dette gjeld mellom anna:
- Voss Cup
- Ål Cup
- Lærdal Cup
- Eidfjord småbanecup
Påmelding er bindande. Foreldre er sjølve ansvarlege for å melde av spelarar innan betalingsfristen dersom dei ikkje kan delta.
Kurs
Eldar IL dekker kurs for spelarar og frivillige, til dømes:
- dommarkurs
- keeperskule
- andre relevante kurs
Kafé på heimekampar
Alle lag har kafé på sine heimekampar.
- Lagleiar organiserer oppsettet
- Foreldre byter på å bake og stå i kaféen
Me ønskjer eit variert tilbod i kaféen. Klubben har mellom anna vaffeljern tilgjengeleg.
Døme på mat som kan seljast: vaflar, pizzabollar, pølsehorn, smørbrød, kaker, toast, frukt, skillingsbollar