[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball

Fair play i Eldar IL  

Custom image

Fair play er samleomgrepet for fotballens verdiarbeid og handlar om det som skjer på og utanfor banen. Fotballarenaen er ein arena kor me skal ha respekt for alle menneske og forsterka fellesskapet. Fotballkampar skal føregå i trygge rammer slik at alle får gode opplevingar. 

Alle kampar skal ha minst ein vaksen som er Fair Play-vakt (kampvert). Målet skal vera å fremja godt miljø både før, under og etter kampen. Fair Play-vakta skal gripe inn der det er naudsynt. Til dømes gje beskjed til vaksne og born som oppfører seg uakseptabelt, fysisk eller verbalt. Bidra til at alle - spelarar, trenarar, publikum og dommar - får ei god oppleving av kampen. 

Fair Play handlar òg om å visa respekt for trenaren og den jobben dei gjer. Gi konstruktive tilbakemeldingar etter kampen, om det skulle vere noko og ta kontakt med leiar i fotballstyret om noko trengst å takast vidare. Hugs at dei fleste trenarar stiller opp på dugnad for å trena ditt barn – gje dei ros, og tilby hjelp på trening, kamp eller andre oppgåver! 

På våre heimekampar har me to Fair play-vakter, som blir satt opp etter dugnadslister av lagleiar på kamplaget. 

 

Fair play-vakt 1: 

➢ Ønske motstandarlaget velkommen, visa dei bana og kor dei skal stå. 

➢ Visa Publikum til motsatt side av spelarane. 

➢ Ønske dommaren velkommen, støtte han/ho før, under og etter kamp.

Evaluere med dommar korleis kampen har vore. 

➢ Ansvar for Fair Play-møtet før kampstastart, med dommar og trenarane. 

➢ Gripa inn ved uheldig åtferd frå spelarar, trenarar, lagleiarar eller publikum. 

➢ Rapportera alle uønskte episodar til leiar i fotballstyret. Det er leiar som

eventuelt melder vidare til krets. Leiar SKAL ha beskjed dersom vakta har

måtta gripa inn. 

Fair play-vakt 2: 

➢ Opna skulen for tilgang til toalett under kampen, hugs ingen andre skal ha

kortet. 

➢ Bistå Fair Play-vakt 1 både, før, under og etter kampen. 

➢ Sjekka og rydde garderobe, dusj og toalett etter bruk.