Ski
Eldar Cup
Eldar Cup er ein lokal skicup som vert arrangert gjennom vinteren med fleire renn i Myrkdalen, Haugsvik, Framnes og Årmotslia. Cupen gir barn og unge høve til å delta i eit sosialt og inkluderande konkurransetilbod, med fokus på skiglede, meistring og fellesskap. Premiering til alle deltakarar, og påmeldingsavgifta er 50 kr per renn. Det vert også delt ut ekstra premie til dei som deltek på alle fire renn.
Følg med på heimesida og Facebook for nærmare invitasjon til renn.