[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball

Dugnadar

Foreldra vil bli spurde om å delta på dugnad ved behov.

Me vonar de er lette å spørje og villige til å bidra.

Fotballens dag:

Mot slutten av sesongen ønskjer styret å arrangera Fotballens dag som ein fin

avsluttning. Me håpar å kunne gjennomføra arrangementet utandørs ein gong i

september eller oktober.

Fotballskule:

Det blir ikkje fotballskule i 2025. Dersom nokre foreldre ønskjer å bidra til å

arrangera fotballskule sommaren 2026, er de hjartleg velkomne til å melda dykk.

Fotballskulen er foreldre-driven, og det er flott om foreldre utanfor styret kan vere

med og dra lasset.

Kafé:

Alle lag har kafé på sine heimekampar. Det er lagleiar som organiserar dette, foreldra

byter på å bake og stå i kaféen. I år som tidlegare baserer me oss på eit variert tilbod i

kafen. Me har mellom anna vaffeljern, døme på kva ein kan ha i kafeen er:

pizzabollar, pølsehorn, smørbrød, kake, vaflar, toast, frukt, skillingsbollar osv.