Diskgolf
På Framnes har me etablert ei diskgolfbane som ein del av nærmiljøanlegget. Bana går i området rundt hoppbakkane og skileikanlegget, og er open for alle.
Bana er framleis under utvikling. Ho har i dag åtte hol og sju korger, og me ynskjer etter kvart å utvida og vidareutvikla løypa. Bana vart etablert i 2026 med støtte frå Hardangerstiftinga.
Kva er diskgolf?
Diskgolf fungerer mykje på same måte som vanleg golf, men i staden for ball og kølle brukar ein ein frisbee-liknande disk. Målet er å kasta disken frå utkastfeltet og fram til ei metallkorg på færrast mogleg kast.
Alle kan spela, og du treng lite utstyr for å koma i gang.
Om bana
Framnesbakkane er ei variert bane i terrenget rundt skianlegget. Utkastfelta er førebels enkle, og bana vil verta vidareutvikla etter kvart.
Det kan vera både kratt og våte parti utanfor dei naturlege spelelinjene, så hald gjerne litt kontroll på disken.
Bana er gratis å bruka. Dei som ynskjer å støtta vidare utvikling og vedlikehald, kan gjera det på Vipps #126284.
Vis omsyn til andre som brukar området, og ikkje klatr i sjølve hoppbakkane.
Finn bana og registrer runden
Bana ligg registrert som Framnesbakkane i UDisc. Der finn du banekart, oversikt over hola og kan føra poeng undervegs.
Kontakt
Har du spørsmål om bana eller ynskjer å bidra med utviklinga, ta kontakt.
Kontaktperson: Isak Hommedal
E-post: [email protected]
Tlf: 918 76 590