Idrettar
Allidrett
Allidrett er eit lågterskeltilbod for barn, der målet er å skapa rørsleglede og variasjon gjennom leik og aktivitet.
Trening
Allidrett går vanlegvis frå etter haustferien til vinterferien, med trening éin gong i veka.
Tilbodet er delt inn i fire grupper: 3–4 år, førskulebarn, 1.–2. klasse og 3.–4. klasse.
Barna får prøva eit variert utval aktivitetar i gymsalen på Vossestrand barne- og ungdomsskule, som til dømes lagspel, leik, sirkeltrening og dans.
Bli med
Påmelding opnar kvar haust. Informasjon om treningar og aktivitetar vert delt i Spond.
Treningsavgift: 200 kr
Spond-kode: UYZTM
Kontakt
Kontaktperson: Gina Ure Søtvik
Tlf: 415 07 991
E-post: [email protected]