Retningsliner for aktivitetsfond i Eldar IL
1. Føremål
Aktivitetsfondet i Eldar IL skal sikre at barn og unge kan delta i laget sine aktivitetar uavhengig av familien sin økonomi. Ordninga skal bidra til inkludering, tilhøyrsle og like moglegheiter for alle.
2. Målgruppe
Fondet gjeld for medlemmar i Eldar IL og barn/unge som ønskjer å delta i laget sine aktivitetar.
Føresette, trenarar og lagleiarar kan søkje på vegner av utøvarar.
3. Kva det kan givast støtte til
Det kan givast støtte til:
• medlemskontingent og treningsavgift i Eldar IL
• deltaking i cupar og turneringar
• naudsynt treningsutstyr og klede
• reiseutgifter knytte til aktivitet i regi av Eldar IL
4. Søknad
Søknad kan sendast inn via digitalt skjema på eldar.no eller gjennom trenar/lagleiar i Eldar IL.
Det skal vera låg terskel for å søkje, og det blir ikkje kravd omfattande dokumentasjon.
5. Handsaming
Søknader blir handsama av inkluderingsansvarleg i Eldar IL.
Vedtak blir fatta fortløpande og normalt innan 14 dagar.
Vurdering skjer basert på behov og tilgjengelege midlar.
6. Tildeling
Støtte blir som hovudregel gitt ved direkte betaling frå Eldar IL evnt ved framlegg av kvitteringar.
Det blir fastsett eit rettleiande maksbeløp på 5 000 kr per utøvar per år.
Maksbeløpet kan fråvikast i særlege tilfelle basert på behov.
7. Personvern
Alle søknader blir handsama konfidensielt.
Ordninga skal praktiserast på ein måte som ikkje opplevast stigmatiserande.
8. Finansiering
Fondet blir finansiert gjennom Eldar IL sitt budsjett, tilskot, gåver og sponsorbidrag.
9. Rapportering
Styret i Eldar IL får årleg ein anonymisert oversikt over bruken av fondet.
Ordninga blir evaluert årleg.
10. Ikraftsetjing
Retningslinene gjeld frå vedtaksdato og kan endrast av styret i Eldar IL.